top of page
Search
Songbird Agency

Intervju med Monica Bjermeland



Portrett: Monica Bjermeland av Oda Berby

Monica Bjermeland (f. 1975) vaks opp i Vestnes og bur i Oslo. Ho arbeider ved Det utdanningsvitskaplege fakultet ved Universitetet i Oslo. 63 måtar å elske deg på er den første romanen hennar.Dei siste tjue åra har Bjermeland i hovudsak arbeidd som journalist og kommunikasjonsrådgivar med tema som helse, klimakrise, rasisme, minoritetsspørsmål og folkemord.I 2017 fullførte ho ein master i engelskspråkleg litteratur ved Universitetet i Oslo for å kunne grave seg djupare ned i kva litteratur kan vere og gjere. Slik blei debutromanen fødd.


Klikk på knappen under for å lese mer om Monica og hennes verk.



Kan du beskrive metoden eller prosessen din når du skal skape et nytt verk?

Per no, eg er enno nybyrjar som skjønnlitterær skrivar, er metoden langvarig og krunglete utforsking gjennom lesing og skriving, gjerne av fleire tema og former, heilt til ei, to eller tre problemstillingar, personar og/eller kjensler står fram som dei mest sentrale.


Hvem/ hva er din største inspirasjon, og hvorfor?

Dotter mi, Ingrid, og Jon Fosse. Begge har interessante og ærlege analysar av vestlandet og (spesifikke) vestlendingar.


Hvilke av dine egne verk er du mest stolt over og hvorfor?

Då vil eg trekke fram novella eg skreiv med utgangspunkt i forskinga til Joke Dewilde: «Lukta av krydderte og بسكويت الزنجبيل om vinteren». Forteljinga er laust basert på etnografiske observasjonar gjort av ein av norskklassane Dewilde og ein kollega studerte. Deltakarane kom frå Afghanistan, Eritrea, Filippinene, DR Kongo, Thailand, Somalia og Syria. Ein av lærarane i klassen hadde sjølv flykta frå Irak til Norge ti år tidlegare, og brukte sine erfaringar og fleirspråklege ressursar når ho underviste. Hovudpersonen i novella er basert på læraren, men biografiske detaljar og undervisingspraksisar er omskrivne/-dikta. Novella blir i dag brukt av folk som studerer eller utøver fleirspråk i opplæring.


Har du et konkret minne om når det var du fant ut av at du ønsket å bli forfatter/dramatiker?

Våren 2010. Eg og nokre vener arbeidde med ei minnebok om ein felles ven som nyleg hadde gått bort. Vi ville samle små tekstar og bilete av og om ho, frå familie og vener, som vi skulle setje saman til ei minnebok og gi dotter hennar når ho blei vaksen. Prosjektet planta ein tanke i meg om at dersom noko liknande skulle ramme meg, ville eg sørge for å ha skapt forteljingar sjølv, med mi eiga stemme, mitt blikk. Veninna vi mista hadde dessutan sjølv hatt skriveambisjonar, ho var poet, eg og ho hadde nyleg vore på eit skrivekurs saman og hadde der inngått ei slags pakt om å pusle vidare med skriving, før sjukdomen ramma att. Eg prøvar å halde liv i pakta.


Hvilken bok var den siste du leste og hva synes du om den?

Den siste romanen eg las, var Odel av Dordi Strøm, ei sanseleg og særeigen bok som kjem til å sitje lenge i. Tematikken overlappar dels med den i siste fagboka eg las, i samband med eit økologikurs eg tek for tida, Animal Lives and Why They Matter, av filosof Arne Johan Vetlesen. God, men slutta i ein meir sørgjeleg tone enn eg hadde ynskt meg.


Har du noen anbefalinger på bøker, filmer eller TV-serier du har sett i det siste, eventuelt hvorfor?

Romantrilogien til Margaret Atwood (Oryx and Crake, The Year of the Flood og MaddAddam), gjerne saman med den nemnde trilogien til Vetlesen (The Denial of Nature, Cosmologies of the Antropocene og Animal Lives and Why They Matter). Verka er dystopiske, veldig reelle og knakande godt skrivne.


Kan du fortelle oss om din favoritt karakter? (ja, det er lov å velge egne karakterer)

Eg blei veldig glad i den pensjonerte skogvaktaren og jegeren Ulf i Kerstin Ekmans Løpe ulv. Dette blir kanskje litt vagt, for å unngå å spoile for mykje, men han er så finstemt med naturen, ærleg i sjølvransakinga si, open for å endre meining om ting og fandenivaldsk når det kjem til å rette opp urett han har bidratt til. Og så blei eg veldig overtydd av relasjonen mellom han og kona Inga, den kjærlege småpraten deira, humoren, tilliten.


Ditt liv blir dramatisert til film, tv eller skuespill. Hvem ønsker du skal spille deg?

Kanskje Nasrin Khusrawi?


Kan du fortelle oss om ditt neste prosjekt?

Hovudprosjektet nett no er å bli betre og raskare i arbeidet med form, og i den prosessen utforskar eg tre-fire moglege romanprosjekt. Temaa eg ser på er alt frå foreldre-barn-relasjonar, barnevern og utanforskap til jakt, taksidermi og økologi. Og kjærleik, eller mangel på kjærleik. Dei har likevel noko felles; prosjekta ser på ulike måtar å handtere tap og ansvar på.


Hvem hadde du ønsket å jobbe med i et drømmeprosjekt?

Tony Kushner! (eg såg og las nyleg Angels in America igjen, så der er endå eit tips)

0 views0 comments

Recent Posts

See All

Comments


bottom of page