top of page
Search
Songbird Agency

Intervju med Marta Huglen Revheim



Portrett: Marta Huglen Revheim av Torbjørn Sundal Holen

Marta Huglen Revheim er utdannet ved manuslinjen på Filmskolen i Lillehammer, og har blant annet skrevet tv-seriene Hjerteslag for TV2 og Rot for NRK Super. Hun har også skrevet Bestefarstolen, et teaterstykke for barn som ble utviklet med støtte fra Dramatikkens hus. Et utdrag fra Bestefarstolen ble satt opp på Vega Scene som en del av forestillingen De ultimate, og stykket har blitt oversatt til tysk av Ulrike Kort. Bare barn er et lyddrama i fire deler, som handler om Heida som forvandler alle de voksne til barn.


Klikk på knappen under for å lese mer om Marta og hennes verk.



Kan du beskrive metoden eller prosessen din når du skal skape et nytt verk?

Det startar som regel med ein ide. Eit eller anna som eg syns er morosamt eller interessant, eller helst litt av begge. Eit bilete, ein setting, ein karakter. Deretter følgjer ein prosess som er litt skrapelodd-aktig. Eg skrapar på ideen og avdekker sider ved den som enten gjer meg glad og ivrig, eller mindre glad og mindre ivrig. Oftast det første, heldigvis. Starten er den kjekkaste delen av skriveprosessen, syns eg. Når alle dører er opne, alt eg mogleg, og ein så vidt kan ane konturane av kor flott ideen potensielt kan bli gjennom tåka av gjennomføring.


Hvem/ hva er din største inspirasjon, og hvorfor?

Vanskeleg å komme på eit svar på dette spørsmålet som ikkje enten

a) kjennes for stort og upresist, som livet eller menneska rundt meg, eller

b) for snevert og namnedroppete, som filmane til Hayao Miyazaki, Yorgos Lanthimos og Greta Gerwig, eller bøkene til Astrid Lindgren og Roald Dahl, så eg trur eg går for svaralternativ

c) noko midt mellom der.


Hvilke av dine egne verk er du mest stolt over og hvorfor?

Teaterstykket «Bestefarstolen» liker eg godt. Eg hadde det i alle fall veldig gøy då eg skreiv det, og opplever at det skin gjennom i det endelege resultatet. Det gjeld for så vidt også for første sesong av serien «Hjerteslag» (TV2). Den syns eg heller ikkje blei så verst.


Har du et konkret minne om når det var du fant ut av at du ønsket å bli forfatter/dramatiker?

Ikkje konkret, meir ullent. Eg budde i San Francisco, og låg nedst i etasjesenga som eg dela med ei jente frå Seattle som heitte Katelyn, og såg på ein eller annan serie på Mac-en min. Cirka der ein stad gjekk det opp for meg at serien eg såg på var skrive av eit verkeleg menneske og ikkje eit magisk fabeldyr, og at det gjekk an å bli eit sånt menneske, eller i det minste å prøve å bli det.


Hvilken bok var den siste du leste og hva synes du om den?

Den siste boka eg las var «Fyrstene av Finntjern» av Lars Elling. Den første delen av boka las eg litt surmulande, litt sånn «ja, ja, endå ei ung-gut-i-Oslo-i-gamledagar-bok», men så vart eg plutseleg dradd inn i forteljinga og gløymde all surmulinga, og resten av boka las eg med stor glede.


Har du noen anbefalinger på bøker, filmer eller TV-serier du har sett i det siste, eventuelt hvorfor?

«Fyrstene av Finntjern» kan eg jo anbefale då. «The Bear» er jo ikkje akkurat siste nytt, men ein serie som eg såg relativt nyleg og kosa meg med. Interessante karakterar, god driv og eit unikt univers. Kosa meg kan eg ikkje akkurat påstå at eg gjorde då eg såg «The Zone of Interest», men den gjorde sterkt inntrykk likevel. Jo, også las eg «Borti natta» av Ingvild Rishøi for litt sidan. Den kan eg også anbefale!


Kan du fortelle oss om din favoritt karakter? (ja, det er lov å velge egne karakterer)

Det er for mange å velje mellom, så eg trur eg går for ingen nemnt, ingen gløymd. Berre at det burde ha rima. Ingen sagt, ingen forlagt?


Ditt liv blir dramatisert til film, tv eller skuespill. Hvem ønsker du skal spille deg?

Bjørn Sundquist.


Kan du fortelle oss om ditt neste prosjekt?

Eg driv på med fleire ting akkurat no, mellom anna ein animasjonsfilm saman med regissør Kajsa Næss, som er ei veldig kul, flink og inspirerande dame. Den filmen trur eg blir skikkeleg bra!


Hvem hadde du ønsket å jobbe med i et drømmeprosjekt?

Tja, sei det? Filmen med Kajsa er eit slags drøymeprosjekt, så eg svarar det.

6 views0 comments

Recent Posts

See All

Comentarios


bottom of page