BJERMELAND, MONICA
FORFATTER
Monica Bjermeland (f. 1975) vaks opp i Vestnes og bur i Oslo. Ho arbeider ved Det utdanningsvitskaplege fakultet ved Universitetet i Oslo. 63 måtar å elske deg på er den første romanen hennar.
Dei siste tjue åra har Bjermeland i hovudsak arbeidd som journalist og kommunikasjonsrådgivar med tema som helse, klimakrise, rasisme, minoritetsspørsmål og folkemord.I 2017 fullførte ho ein master i engelskspråkleg litteratur ved Universitetet i Oslo for å kunne grave seg djupare ned i kva litteratur kan vere og gjere. Slik blei debutromanen fødd.
63 MÅTAR Å ELSKE DEG PÅ
Saknet etter far.
Ti år gammal får Gabriella vite at far hennar ikkje er far hennar likevel. Det finst ein genetisk-biologisk far. Han bur ein busstur unna, og han er tyrkisk. Betyr det at ho ikkje er norsk? Først då mor hennar døyr, tek Gabriella kontakt. Ho er 15 år og treng ein far. Korleis skal ho elles bli heil att? Men faren har fire søner og treng inga dotter. Som vaksen bestemmer Gabriella seg for igjen å oppsøkje faren, som no har flytta attende til eit Tyrkia der tilhøyrsle ikkje er noko ein kan ta for gitt. Ho tek med seg dottera på fire år og reiser til den vesle landsbyen Tokaçl. heilt sør i landet, på grensa til Syria.
63 måtar å elske deg på er ikkje ei bok om forsoning. Monica Bjermeland skriv innsiktsfullt og levande om mot, kulturforskjellar og om å stå opp for den ein er.
Omtale“Monica Bjermeland leverer ei heilstøypt historie i eit heilstøypt forteljarspråk.” Øyvind Rangøy, Romsdals Budstikke
“Romanen skildrer kulturkollisjon, kaos og kriser på flere nivåer, både i enkeltindividers og nasjoners liv. […] en viktig og tankevekkende bok.”
Sigmund Jensen, Stavanger Aftenblad
“Stilsikker debut [...] Bjermeland har funnet en stemme som bærer romanen igjennom. Valg av tematikk fremstår troverdig. Hun reflekterer godt over foreldrerollen, både som mor til egen datter og som datter til faren som svikter gang på gang.”
Eskil Skjeldal, Vårt Land
Autor/Autorer:
X
Originaltittel:
63 måtar å elske deg på
Originalforfatter:
Monica Bjermeland
Basert på:
Antall i orkester:
Dramatisert av:
Musikk av:
Antall medvirkende:
Tilgjengelige språk:
NO
Varighet:
Representasjon:
Verden
Representasjon:
Monica Bjermeland