
VERDAS MEST FORELSKA PAR
Alle stader i verda finst det forelska par. I dei største byar og dei minste bygder. Alltid er det eit forelska par der. Berre følg nøye med der du bur. Høyr etter kviskring og fnising. Sjå etter to som går tett saman under ein paraply. Dei finst over alt. Dei to som er så forelska at ingenting anna betyr noko for dei. I Bløygen var det Bidger og Esmiluni. Dei budde på toppen av Bløygenbakken. Av og til var dei så forelska at utelampa blinka. Bidger og Esmiluni. Esmiluni og Bidger. Dei var dei rette for kvarandre.
Verdas mest forelska par er ei fin, rar, morosam og klok forteljing for barn, ungdom og vaksne om kjærleikens magi og utfordringar, og om kva som kan hende når forelskinga skal på utstilling. Bidger og Esmiluni jobbar i julepyntbutikken på den vesle staden Bløygen. Av og til er dei så forelska at dei ikkje orkar å arbeide. Dei vil bere vere saman, seie fine ting til kvarandre og blåse kjærastevind i øyro på kvarandre. For å skaffe bygda sårt tiltrengt turistreklame bestemmer kommunestyret i Bløygen at Bidger og Esmiluni skal vere med i sjølvaste meisterskapen i pludring og romantikk.
Men det er ikkje berre lett å førebu seg til ein slik konkurranse, heller ikkje å vise kor forelska ein er på kommando, og i knallhard konkurranse med andre. Dessutan er det ein kar i Bløygen som heiter Bjørn Diesel som er ulukkeleg forelska i Esmiluni og vil gjere kva som helst for å at ho skal bli kjærasten hans.
Autor/Autorer:
Originaltittel:
Verdas mest forelska par
Originalforfatter:
Rune Belsvik
Basert på:
Basert på bok av:
Dramatisert av:
Musikk av:
Antall i orkester:
Sangtekster av:
Tilgjengelige språk:
NO
Sangtekster av:
Av:
Rune Belsvik
Antall medvirkende:
3 K 5 M (12 roller)
Varighet: