SYTTEN SOMRAR
Våren 1945 er for alltid rissa inn i historia vår. Også i livet til sytten år gamle Solveig. Det er den våren ho treff den tyske soldaten Hans, og tek eit val som kjem til å forme resten av livet hennar.
Sytten somrar» er eit nyskrive stykke som fortel historia til ei av dei mange «tyskarjentene» under den andre verdskrigen. Det er ei sterk og dramatisk skjebneforteljing om kjærleik og svik. Ei historie om øydelagde familiar, og om den brutale behandlinga norske kvinner som forelska seg i tyske soldatar fekk i det nasjonale krigsoppgjeret. I «Sytten somrar» flyt fleire tidsplan over i kvarandre, og vi følgjer Solveig frå ho står på terskelen til vaksenlivet i Noreg, og gjennom livet ho stablar på føtene i eit utbomba Aust-Tyskland åra etter krigen.
Autor/Autorer:
Originaltittel:
Originalforfatter:
Basert på:
Basert på bok av:
Dramatisert av:
Musikk av:
Antall i orkester:
Sangtekster av:
Tilgjengelige språk:
NO
Sangtekster av:
Av:
Stig Amdam
Antall medvirkende:
3 k 2 m
Varighet:
1 t 25 min