MEISTER OLOF
Stykket er først og fremst eit idedrama om idealisme som tapar i det politiske spelet. Jamvel om kyrkjereformasjonen formelt vart vedteken av Västerås riksdag i 1527, var kampen før og etter reformasjonen lang og hard. Denne maktkampen har Strindberg fortetta i eit to timar langt skodespel spekka med konfliktar - heile vegen med den unge magister Olof som midtpunkt. Han er i teneste både hos kyrkja og kongemakta, kong Gustav Vasa. Og begge vil bruke evnene hans til sine formål. For Olof blir det ein umogeleg situasjon, fordi staten og kyrkja står så steilt mot kvarandre. Han står og mellom to kvinner, som dreg frå kvar si kant. Mora representerer slekta, tradisjonen og katolisismen. Hennar siste ord i døden er ei forbanning over den dagen ho fødte sonen si. På andre sida står Kristina, dotter til broder Gert, bokprentaren. Ho har blind tru på mannen sin - han har nemleg teke henne til kone, i strid med pavekyrkja sine lover.
Autor/Autorer:
Originaltittel:
Mäster Olof
Originalforfatter:
August Strindberg
Basert på:
Basert på bok av:
Dramatisert av:
Musikk av:
Antall i orkester:
Sangtekster av:
Tilgjengelige språk:
NO (Nynorsk)
Sangtekster av:
Av:
Oversatt av Bjørn Endreson
Antall medvirkende:
Varighet: