
IKKJE EIN LYD
Om å vende tilbake, om å møte framande, om at det framande kan bli til noko kjent.
Rakel har vendt tilbake til øya der ho vaks opp. Det er nokre år sidan no. Ho kom frå Oslo der ho budde altfor lenge, ifølgje henne sjølv. No finn ho glede i at fleire gjer som henne.
I Arne Lygres siste stykke Ikkje ein lyd møter vi sju ulike menneske som bur på same øya. Fire har vendt tilbake til heimplassen etter å ha forlate staden og levd delar av vaksenlivet ute. To er nye i det vesle samfunnet, mens ein av dei aldri drog. Nokre har funne til øya for å kome unna livet dei hadde, andre for å finne tilbake til det som eingong var, det som dei kanskje har mista.
Å vende tilbake
Lygre skriv ofte om menneske som forsvinn, eller søker seg bort. Denne gongen undersøker han kva som skjer når ein vender historia, og skriv om dei som kjem tilbake. Ikkje ein lyd handlar om det å vende tilbake til ein stad der ein før var ein annan, til eit liv nærare naturen, eller til stilla.
Å høyre til
Alle karakterane i Ikkje ein lyd ber på eit ønske om å leve meir sannferdig, setje pris på det ein har, vere saman og kjenne på at dei er mindre einsame. Dei er ikkje lenger unge, og dei slit med ei oppleving av å mangle noko i livet. Dei treng å høyre til ein stad. Ein fellesskap. Finst den ute i havgapet, på øya, der den varme sommaren ikkje ser ut til å ha ein ende? (teksten er lånt fre Det Norske Teatrets nettsider og presentasjon)
On Returning, on Meeting Strangers, on How the Unknown Can Become Familiar
Rakel has returned to the island where she grew up. It’s been a few years now. She came from Oslo, where she had lived far too long—according to herself. Now she finds joy in seeing others make the same journey home.
In Arne Lygre’s latest play, Not a Sound, we meet seven people living on the same island. Four have returned to their childhood home after spending parts of their adult lives elsewhere. Two are newcomers to the small community, and one has never left. Some have come to the island to escape the life they had, others in search of what once was—something they may have lost.
The Act of Returning
Lygre often writes about people who disappear or seek to escape. This time, he turns the story around and explores what happens when someone comes back. Not a Sound is about returning—to a place where one used to be someone else, to a life closer to nature, or to silence.
The Need to Belong
Each character in Not a Sound carries a longing to live more truthfully, to appreciate what they have, to be with others, and to feel less alone. They are no longer young and wrestle with a sense that something is missing in their lives. They need to belong—to a place. To a community.
Does it exist out there by the open sea, on the island, where the warm summer seems to have no end?
(Text adapted from Det Norske Teatret’s official presentation)
Autor/Autorer:
Originaltittel:
IKKJE EIN LYD
Originalforfatter:
Basert på:
Basert på bok av:
Dramatisert av:
Musikk av:
Antall i orkester:
Sangtekster av:
Tilgjengelige språk:
Nynorsk, EN, SV
Sangtekster av:
Av:
Arne Lygre
Antall medvirkende:
Varighet: