Man med bok

FUGLETRIBUNALET

Historikaren og tv-kjendisen Allis Hagtorn flyktar frå ein pinleg kjærleiksskandale med påfølgjande offentleg skittentøyvask, og endar i ein psykologisk thriller på ein aude stad. I eit forsøk på å reinse seg sjølv frå skamma og begynne eit nytt liv, søker ho jobb som hushjelp i heimen til ein mann som bur for seg sjølv i eit gammalt hus langt unna sivilisasjonen. Men det enkle, reine livet i pakt med naturen viser seg å vere mykje meir komplisert enn ho hadde trudd, og ho viklar seg inn i eit farleg drama.


Med Fugletribunalet vann Agnes Ravatn P2-lyttaranes romanpris i 2013 og fekk Ungdommens kritikarpris i 2014. Ravatn har markert seg som ein skarp, vittig og satirisk observatør med sine mange essay i Dag & tid og Dagbladet. I 2007 romandebuterte ho med Veke 53. Da Fugletribunalet kom ut i 2013, var kritikkane blanda. Nokre hylla romanen, andre erklærte at boka måtte ha vore meint som ironi. Den frekke essayisten og tekstforfattaren Agnes Ravatn med erotisk thriller-roman? Boka fekk raskt stor merksemd og mange lesarar – sjølv om ho er på nynorsk. I 2013 mottok ho den høgthengande P2-lytternes romanpris for Fugletribunalet, og gjorde for alvor dei kritiske røystene til skamme. Fugletribunalet er den første boka av Ravatn som blir dramatisert for scenen.

Autor/Autorer:

Originaltittel:

Fugletribunalet

Originalforfatter:

Agnes Ravatn

Basert på: 

Basert på bok av: 

Dramatisert av:

Ingrid W. Nilsen

Musikk av:

Antall i orkester:

Sangtekster av:

Tilgjengelige språk:

NO (nynorsk)

Sangtekster av: