top of page
Search

Intervju med Brit Bildøen



Portrett: Brit Bildøen av Samlaget

Brit Bildøen er en av Norges fremste samtidsforfattere. Hun debuterte med diktsamlingen “Bilde av menn” i 1991, og siden har hun skrevet og gitt ut romaner, barnebøker og essay. Bøkene hennes er blitt oversatt til flere språk og hun har blitt tildelt flere litterære priser. Bildøen er ikke redd for å bruke sin feministiske vinkling når hun skriver om samliv og kjønnsroller. Hennes fortellinger er ment for å skape inntrykk og vekke følelser. Som forfatter er Brit heller ikke redd for å eksperimentere med språket og er tydelig i metaforbruken.

 

Romanen hennes “Sju dagar i august” ble dramatisert og spilt på Det Norske Teatret i 2017. Stykket handler om et ektepar som må finne ut av hvordan de skal overleve å ha mistet sitt eneste barn i terrorrangrepet den 22. juli. 2011. Romanen var den første skjønnlitterære boken som omhandlet 22.juli.

 

Brit Bildøen har sammen med Svein Sturla Hungnes skrevet sangtekstene til musikalen “Kristin Lavransdatter”. 


Klikk på knappen under for å lese mer om Brit Bildøen og hennes verk.



Kan du beskrive metoden eller prosessen din når du skal skape et nytt verk?

Eg skriv for det meste romanar, og brukar lang tid på å tenke ut handling, personar og tema før eg begynner å skrive. Eg lever med dei oppdikta personane i hovudet i kanskje eit heilt år, prøver å bli kjent med dei samtidig som eg gjer research rundt situasjonen eg har tenkt å plassere dei i. Eg brukar også lang tid på å skrive dei første sidene, det er viktig å finne den rette vinklinga og den rette tonen. Heldigvis går det fortare når eg først kjem ordentleg i gang. Men frå idé til ferdig bok går det gjerne 2-4 år.


Hvem/ hva er din største inspirasjon, og hvorfor?

Mange, mange gode forfattarar. Så mange at eg ikkje kan begynne å liste dei opp her. Men eg lar meg også inspirere av filmar og musikk.


Hvilke av dine egne verk er du mest stolt over og hvorfor?

Det er kanskje romanen "Sju dagar i august". Fordi eg våga å gå inn i noko vanskeleg. Fordi eg tok den tida som var nødvendig for å finne ein god måte å behandle stoffet på. Romanen handlar om eit ektepar som slit tungt åtte år etter at dotter deira blei skoten på Utøya. Denne romanen fekk eg også lov til å dramatisere for Det Norske Teatret, og eg opplever at boka fortsatt lever og virkar ti år etter at den kom ut.


Har du et konkret minne om når det var du fant ut av at du ønsket å bli forfatter/dramatiker?

Kanskje da læraren min på ungdomsskolen spurde meg om eg hadde lyst til å bli forfattar. Eg blei heilt paff, men det sette jo i gang ein tanke om at noko slikt var muleg.


Hvilken bok var den siste du leste og hva synes du om den?

Eg har nett lese bind 5 i den vanvittig snåle og flotte serien til danske Solvej Balle, "Om udregning af romfang". I desse bøkene har tida stoppa opp, og menneska lever 18. november om og om igjen. Høyrest rart ut? Ja, dette er bøker som får det til å gå ein smule varmt i topplokket. Heldigvis kjem det to bøker til; det skal bli sju til saman.


Har du noen anbefalinger på bøker, filmer eller TV-serier du har sett i det siste, eventuelt hvorfor?

Eg ser mykje TV-seriar, og som mange andre elskar eg "Makta". Blir veldig imponert over kor nytenkande teamet bak denne serien er, kor drøye dei tør å vere, at dei så leikande lett kryssar grenser mellom fakta og fiksjon og alvor og absurditet. Av andre nyare seriar likar eg Fargo godt, alle sesongane er gode men den siste var i tillegg riktig morosam.


Kan du fortelle oss om din favoritt karakter? (ja, det er lov å velge egne karakterer)

Lily Briscoe i "Til fyret" av Virginia Woolf. Ho er ein av dei faste gjestene i feriehuset til familien Ramsay på Isle of Skye. Ho blir sett på som ein hobbymålar utan store ambisjonar, men av måten ho tenker rundt det ho prøver å få til på lerretet, skjønar lesaren at ho faktisk er ein god kunstnar. Lily Briscoe er på mange måtar Virginia Woolfs talerør i denne fantastiske klassikaren - som eg har fått lov til å omsetje.


Ditt liv blir dramatisert til film, tv eller skuespill. Hvem ønsker du skal spille deg?

Klarer ikkje heilt å sjå for meg noko slikt.


Kan du fortelle oss om ditt neste prosjekt?

Eg skal skrive ein oppfølgjar til den siste romanen min. Her vil lesaren få møte igjen familien frå "Gult farevarsel" eitt år etter dei dramatiske hendingane dei blei utsett for her. Eg har også ein idé til eit dramatisk verk. Førebels romsterer personane berre rundt i hovudet mitt, men eg håper å få tid til å jobbe med dette prosjektet også.


Hvem hadde du ønsket å jobbe med i et drømmeprosjekt?

Noko av det mest utfordrande men også aller mest spennande eg har vore med på, er å skrive tekstar til musikk av sjefen sjølv, Julian Berntzen. Fleire musikalprosjekt står på ønskelista mi!


8 views0 comments

Recent Posts

See All

Kommentare


bottom of page