OPERASJON SJØLVDISIPLIN
Kvifor er tanken på rask tilfredsstilling så vanskeleg å stå imot, når ein både inst inne og ytst ute veit betre?
Stadig fleire av oss strever med utsettingssyndrom, stress og dårleg samvit, fell for freistingar som torpederer dei langsiktige måla våre, og sjekkar Facebook annakvart minutt. Vi liker Netflix, sukker og smelta ost.
Samstundes veit vi at dei som er i stand til å legge band på seg, vente på eit gode og planlegge for framtida både er meir vellykka i yrkeslivet, lykkelegare i privatlivet og har betre fysisk og mental helse. Så kvifor klarar vi det ikkje? Kvifor er det den primitive delen av hjernen som vinn?
Operasjon sjølvdisiplin er framsyninga for deg som ein gong hadde ei lys framtid, men som no er ein internattavhengig, nevrotisk, dvask og ulykkeleg tufs i tidsklemma. Det er ein praktisk og vitskapleg fundert guide til korleis du kan overvinne distraksjonar, slutte å prokrastinere, etablere gode kosthalds- og treningsvanar og gjenvinne impulskontroll.
Kort sagt: Lære å bli ein strålande representant for menneskeslekta (tekst fra www.detnorsketeatret.no).
Autor/Autorer:
Originaltittel:
Operasjon sjølvdisiplin
Originalforfatter:
Agnes Ravatn
Basert på:
Basert på bok av:
Dramatisert av:
Ingrid W. Nilsen
Musikk av:
Antall i orkester:
Sangtekster av:
Tilgjengelige språk:
NO (nynorsk)
Sangtekster av:
Av:
Agnes Ravatn og Ingrid W. Nilsen
Antall medvirkende:
1
Varighet:
75 min