top of page
Fashion Studio Portrait_edited_edited.jpg

MØLLERHAUG, NICHOLAS H.

FOFTATTER

Nicholas H. Møllerhaug (født 1974) er forfattar og kurator frå Grinde i Ryfylke, busatt i Bergen. Han har tidlegare budd i Hammerfest, Calcutta, Berlin og Haugesund. Møllerhaug var tidlegare programsjef i Festspillene i Bergen og tidlegare festivalsjef i Borealisfestivalen, Music Factory og Trollofonen. Han kom ut med si første bok – den kritikarroste true crime-biografien Stupet – Leif Grungs krig i 2016.

Møllerhaug har initiert/utviklet konsept og -prosjekt som Landmark, Rural Readers, Fuglemontage, Bergen Elektroniske Travpark, Trollofon, Pilota.fm, Motorferga OS (Kaptein Ragnar Hovland), Myggbase for Kalkutta og Finnmark, Arkivsirkus, Bollyfoni, Splatterkammer, Dømkirke feat Sunn O))), Biosphere vs Bergen Filharmoniske Orkester samt en rekke prosjekt for Festspillene i Bergen. Han er assosiert medlem av Alog, og har samarbeidd bredt med artistar, kunstnare og band.

STUPET

Noregs kanskje fremste internasjonale arkitekt, Leif Grung, tok livet av seg i oktober 1945. Namnet hans var blitt synonymt med landssvik. Han hadde bygd ei rekke hus for tyskarane og tent store pengar. Men det gjekk også rykte om at han hadde vore alliert spion. Kva var sanninga av desse totalt motsette versjonane? Då Nicholas Møllerhaug fatta interesse for Grungs skjebne, tok det ikkje lang tid før dei første åtvaringane kom: «Du må halde deg unna Grung!» Møllerhaug byrjar å leite etter svar i arkiva, og oppdagar at sentrale dokument har blitt borte. Gjennom å ta lesaren med inn i jakta etter spor og vitnesbyrd fortel denne boka ei besettande og tragisk historie om arkitektur, motstand, intriger og misunning. Om forfattaren: Nicholas Møllerhaug er skribent, kurator og festivalleiar i musikklivet. Møllerhaug har budd og arbeidd mange år i Grungs by, Bergen, og har mykje spesialkunnskap om byen og kunstlivet der. Gjennom desse åra har han - av interesse og for eiga rekning - forska og opparbeidd seg tillit og tilgang til ukjende informasjonar og dokumentasjonar som gjeld arkitekten Grung og hans livshistorie.

Man med bok

Autor/Autorer:

X

Originaltittel:

Originalforfatter:

Nicholas H. Møllerhaug

Basert på: 

Antall i orkester:

Dramatisert av:

Musikk av:

Antall medvirkende:

Tilgjengelige språk:

NO

Varighet:

Representasjon:

Verden

Av:

Nicholas H. Møllerhaug

bottom of page