top of page
Man med bok

FJORDMANN

«Over ti menneske er truleg omkomne etter ein eksplosiv brann i Sunnfjord i natt. Brannen vart påsett og ein 21 år gamal mann frå staden er mistenkt. Det er ikkje opplyst om mannen er blant dei omkomne. Politiet er sparsam med informasjon, men ser på ugjerninga som planlagd. Årsak eller motiv er ikkje kjent.»

Gjerningsmannen er Mads Trodal, hovudpersonen i Fjordmann. Han er ein stille og roleg gut som bur heime hos mor si. Ei natt gjer han så heilt uventa denne djupt rystande handlinga. Kvifor? Kva dreiv han? Kva skjedde?

Fjordmann viser gjennom intervju, monologar og scener dei hendingar og handlingar som ligg før ugjerninga, og avdekker lag for lag kva som tving ho fram. Framsyninga er eit forsøk på å forstå, ikkje å forsvare. Det er berre ved fordomsfritt å gjere oss kjende med frykta og hatet enkelte menneske har til omverda og medmenneska, at vi kan hindre at noko slikt skjer. (Tekst: teatervestland.no)

Autor/Autorer:

Originaltittel:

Fjordmann

Originalforfatter:

Basert på: 

Basert på bok av: 

Dramatisert av:

Stig Amdam

Musikk av:

Antall i orkester:

Sangtekster av:

Tilgjengelige språk:

NO

Sangtekster av:

Av:

Stig Amdam

Antall medvirkende:

2K 2M

Varighet:

bottom of page