top of page
Search

Intervju med Ann Helen Kolås Ingebrigtsen



Portrett: Ann Helen Kolås Ingebrigtsen av Caroline Odden Giske

Ann Helen Kolås Ingebrigtsen er forfatter og lærer. I 2020 debuterte Ingebrigtsen med ungdomsboken "Sinne". I boken møter vi 15 år gamle Synne som har ADHD. Boken har ikke bare blitt en favoritt blant ungdommer, men og hos de voksne. Med sine troverdige og ufiltrerte skildringer av ungdomslivet hjelper Ann Helens historier oss til å forstå ungdommer i dag og å se verden med et nytt perspektiv.


Klikk på knappen under for å lese mer om Ann Helen og hennes verk.



Kan du beskrive metoden eller prosessen din når du skal skape et nytt verk?

Eg ser som regel for meg ei scene i boka, gjerne opningsscena, med hovudpersonen og temaet/konflikten. Så dett resten av karakterane på plass rimeleg kjapt. Dei første 10-20 sidene skriv eg fort, så stoppar det alltid opp. Eg kan bruke fleire månadar på å tenke ut kva som skal skje vidare. Med andre ord har eg fleire påbegynte manus liggande.


Hvem/ hva er din største inspirasjon, og hvorfor?

Oj, for eit stort spørsmål. Eg trur eg må svare heilt enkelt og seie: Litteraturen. Bøker og forfattarar. Lesarar som seier at dei ikkje kan halde ut å vente på den neste boka di. Det er ei heilt vanvittig fin kjensle.


Hvilke av dine egne verk er du mest stolt over og hvorfor?

No har eg berre gitt ut to bøker, så det er ikkje så mange å velje mellom. Men eg trur eg må velje "Sinne", fordi eg jobba så lenge med den og hadde så utruleg lyst til å få ut denne historia. Tilbakemeldingane har vore overveldande. Boka blei trykt i tre opplag, har vunne to prisar og ein ungdomsskule i nabobyen skal lage musikal av den. Det synest eg er heilt fantastisk.


Har du et konkret minne om når det var du fant ut av at du ønsket å bli forfatter/dramatiker?

Eg har skrive så lenge eg kan hugse, men det var først da eg gjekk sisteåret på vidaregåande at eg tenkte eg kunne bli forfattar. Det var i ein norsktime. Eg hugsar ikkje kva vi gjorde på, men plutseleg sa norsklæraren høgt i klasserommet: "De skjønar det, at Ann Helen skal bli forfattar". Og da nikka eg og tenkte for meg sjølv at, ja, det skal eg jammen bli.


Hvilken bok var den siste du leste og hva synes du om den?

Akkurat no les eg "Diskomus på venteværelset" av Kamilla Danielsen. Hittil liker eg boka veldig godt.


Har du noen anbefalinger på bøker, filmer eller TV-serier du har sett i det siste, eventuelt hvorfor?

Eg er sånn som ser gamle tv-seriar om og om att i staden for å sjå noko nytt, men i sommar såg eg The Richteous Gemstones på HBO og eg tenker stadig på denne. Det handlar om ei evangelistfamilie i Sørstatane i USA. Det er fullt av familiedrama, løgner og Jesus, og karakterane er heilt fantastiske. Anbefalast!


Kan du fortelle oss om din favoritt karakter? (ja, det er lov å velge egne karakterer)

Vanskeleg, men eg trur eg landar på A frå ungdomsromanen "Hver dag" av David Levithan, ei bok som gjekk sånn inn på meg at eg fekk mast skulebibliotekaren til å kjøpe inn eit klassesett. A er verken gut eller jente, berre ei sjel som vaknar opp i ein ny kropp kvar dag. Sånn har det vore i 16 år.


Ditt liv blir dramatisert til film, tv eller skuespill. Hvem ønsker du skal spille deg?

Zooey Dechanel!


Kan du fortelle oss om ditt neste prosjekt?

Eg har fått stipend for å skrive ein ungdomsroman med tittelen "Fantomsmerter". Det handlar om ei ung jente som får vite at ho må amputere eine beinet. Eg synest det er for lite bøker med mangfold i form av funksjonsnedsettingar, og da helst i hovudrollene. Grunnen til at eg har valt å skrive om nettopp amputasjon, er fordi eg sjølv har amputert beinet og har derfor kunnskap og erfaring med dette. Eg veit sjølv kor glad eg blir av å sjå andre som er som meg; denne fellesskapskjensla er utruleg viktig og spesielt i dei usikre tenåra. Etter at eg posta ein tiktok-video der eg fortalte om prosjektet mitt, er det mange som har tatt kontakt og spurt etter boka og det fortel meg at ho er etterlengta.


Hvem hadde du ønsket å jobbe med i et drømmeprosjekt?

Kjedeleg svar, men eg er så fersk at kva og kven som helst er ein draum akkurat no.


136 views0 comments

Recent Posts

See All

Comments


bottom of page